Kjønnstru: Kampen om røynda

399,00 kr

Kjønnstru – Kampen om røynda forklarer korfor og korleis kjønn er blitt til ein mystisk essens, «kjønnsidentitet», som ein trur er lausriven frå kroppen. Boka gjev ei grundig innføring i fleire alvorlege problemstillingar rundt fellesskapet si handtering av denne kjønnstrua. Kjønn er i dag blitt eit mangfald og noko som kan veljast. Samstundes blir kjønn, som «kjønnsidentitet», forstått som «ditt eigentlege eg». Kva konsekvensar får desse førestillingane for barn og unge, og for kvinners rettar? Kva konsekvensar får det for menn, ja for alle, å måtte bytta ut ei objektiv forståing av verda med ei subjektiv forståing?

Anne Kalvig (f. 1972) har lang fartstid som organisert kvinneaktivist, som tidlegare politisk aktiv på yste venstreside og som formidlingsglad religionsvitar. Ho var inntil sommaren 2023 professor ved Universitetet i Stavanger.